Foto: Oda Berby

Om meg og prosjektet

Då eg flytta tilbake til Måløy for omlag ti år sidan, oppdaga eg heimplassen min med nye auge. Etter nokre år ut i verda såg øya mi gråare ut enn eg hugsa.

Måløy

Måløy ligg ytst i Nordfjord ved det stormfulle Stadhavet. Du har kanskje høyrd om Kråkenes fyr, Refviksanden, Kannesteinen, Hornelen og surfeparadiset Hoddevik?

Måløy er småbyen som ligg midt mellom desse.

Historia

Under andre verdskrig var her eit viktig historisk slag, Måløyraidet. Nærast heile Måløy brann til grunnen og etter krigen blei byen på ny bygd opp, og vart til ein av landets mest moderne fiskerihamner. Handelen blomstra, og folk opplevde stor velstand. Men bygningane, som kom opp var store og massive, gjerne i rein betong midt i sentrum. og ikkje alltid av det vakraste slaget.

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spanande kystkulturhistorie, vart utgangspunktet til mitt gatekunstprosjekt. Sidan ideen kom og fyrste veggmaleri blei oppført i 2017, har det poppa opp fleire, som perler på ei snor.

I dag kan du telje atten veggmaleri utført av anerkjende norske og internasjonale kunstnarar.

Sjå film om prosjektet her laga av Fabelaktiv