Skip to main content
0

Vi gjentek suksessen med teiknekonkurranse

I fjor vart det arrangert ein morosam teiknekonkurranse i regi av Street art Måløy. Den gjekk ut på at man kunne teikne sin versjon av eitt eller fleire veggmåleri. Den einaste regelen: heile arket måtte vere fargelagt. Nivået spelte heller inga rolle. Om man teikna strek-menn eller var på nivå med Rembrandt hadde inga betydning.

Det vart sendt inn over 70 teikningar av folk frå 5 til 80 år. Og alle var fantastiske på kvar sin måte. Somme bidrog med ei enkelt teikning, medan andre verkeleg fekk ånda over seg og teikna ein heil haug. Kvar teikning – eitt «lodd».

I samband med utstillinga «UTE» som arrangerast frå 30.04.21, vert det altså satt opp ein ny teiknekonkurranse. Den tilfeldig trekte vinnaren får eit verk ifrå utstillinga. Det blir spanande å sjå kva som dukkar opp.