Skip to main content
0

Fredag 30.04.21 kl. 1300 opnar utstillinga «UTE». Her vil det stillast ut verk ifrå fleire av kunstnarane som har delteke i prosjektet, samt ei rekke fotografi tekne av Thomas Hagen. Han har jobba tett som fast fotograf gjennom dei siste 3 åra, og sit på ei mengde fantastiske fotografi av veggmåleria. Bileta er tekne i både solnedgang, ved fullmåne, i hauststormar og i snødekte vinterlandskap.

Utstillinga er satt opp som ei reise i tid gjennom prosjektet, og er organisert av ein eksponeringsdesignar med hjarte for detaljar.

På opningskvelden ifrå kl. 1900 til 2100 vil utstillinga òg streamast LIVE. Det er lett å kikke innom. Gå inn på Facebook-sida til Street art Måløy kor du vil kunne klikke deg direkte inn på LIVE-framsyninga.

Det vert høve til å kjøpe verka, og overskotet vil bli donert til ei eiga ordning der lavtløna og andre med økonomiske utfordringar vil kunne få donert bilete.

Street art Måløy ynskjer deg hjarteleg velkomen til opning!